fredag 18. februar 2011

Ufattelig trist......

Heisan snart helg tjoho.... fant dette innlegget på facebook og det må dere lese, utrolig trist at noe sånt kan skje. Her ser vi hvor viktig det er at vi bryr oss før det er for sent


Tips en venn Skriv ut Del på Facebook Del på Twitter – Eg har valt å late meg intervjue om kva vi såg og gjorde her i barnehagen, i håp om å senke terskelen for å seie frå om ein ser barn lide urett, seier dagleg leiar i Aktiv barnehage, Marie Brandal. Foto: Marius Beck Dahle Barnehageleiar Marie Brandal trudde den eitt og eit halvt år gamle guten ikkje vart passa på heime. Det skulle vise seg å vere så mykje verre.
Hild Nordal
Mobil: 90201233Publisert: 13.02.2011 kl. 10:13

Endret: 13.02.2011 kl. 10:32 – Vi gjorde berre det minste ein burde gjere for nokon, seier Marie Brandal. Ho er dagleg leiar i Aktiv barnehage i Ulsteinvik. Saman med resten av personalet var ho for rundt to år sidan med på å avdekkje at eit av barnehagebarna var utsett for grov mishandling heime.

Dei tilsette i barnehagen forstod at det var noko. Den vesle guten som var så utilpass, og som til stadigheit hadde blåmerke, kular og sår på kroppen.
– Eg trudde han skadde seg fordi han ikkje vart passa på. Eg kunne ikkje tru at han vart mishandla. Det er vanskeleg å forstå at nokon kan gjere slikt mot eit lite barn, seier Marie.

Stefar dømd 3. mai 2010 i Sunnmøre tingrett, vert ein 29 år gammal mann dømd for grov vald mot sambuaren sin snart to år gamle son.
– Det gjer så uendeleg vondt å tenkje på at barnet gjekk her i barnehagen med livstrugande skader, seier Marie.
Kort tid etter at guten tek til i barnehagen sommaren 2008, sender barnehageleiinga den første av fleire uromeldingar til barnevernet.
I dommen frå tingretten er det lista opp seks strekpunkt som omhandlar korleis 29-åringen utøvde vald mot den vesle guten. Blant anna står det at mannen har påført guten blåkular og hevelsar i hovudet, han har løfta barnet opp etter øyra og teke kvelartak på han. I eit av punkta heiter det at mannen skubba trehjulssykkelen guten sat på, så hardt at guten datt av. Medan guten låg på golvet, tok 29-åringen kvelartak rundt guten sin hals, slik at guten ikkje fekk puste, og løfta han opp og bar han slik inn på badet.
Livsfare
Etter dette kjem guten svært forkomen i barnehagen.
Dei tilsette får forklart at guten har vore til lege, og at alt er ok. Men barnehageassistenten følgjer si eiga magekjensle.
– Det er på ingen måte vanleg at tilsette i barnehagen tek barn med til lege. Om så skjer, vert foreldra alltid varsla. Eg var i møte og vart informert av assistenten på telefon. Ho ringde også til guten sine føresette, og så tok ho han med til lege, seier Maria.

Primærlegen som undersøkjer guten finn tydelege, sprengde blodkar i heile ansiktet, spesielt over augeloka, og på halsen til den vesle guten. I legen si vurdering heiter det at når slike blødingar oppstår, så har barnet vore i livsfare på grunn av kveling.
Det har gått for langt. For lenge sidan.
Fleire visste
For barnehageleiar Marie Brandal er det vanskeleg å tenkje tilbake på tida då guten gjekk i Aktiv barnehage.
– Det må ha vore fleire enn barnehagen som hadde mistanke om at noko var gale. Uansett kven du er, så har du eit ansvar dersom du trur at ting ikkje er som dei skal. Og sjølv om ein veit at barnevernet allereie er involvert, så vert saka styrkt av fleire innspel. Små barn som vert utsette for urett, er avhengige av at nokon ser.
I barnehagen såg dei, sjølv om dei ikkje visste kva dei såg.
Personalet dokumenterer sprikande forklaringar på korleis guten får ulike blåmerke og skader, og løgner om at guten har vore til undersøking hos lege – når han ikkje har vore det.
Notatar om eit lite barn som gret og gret, og ikkje vil vere med heim, men som i staden søkjer mot foreldra til andre barn når dei vert henta i barnehagen.
Samarbeid – Vi hadde eit godt samarbeid med barnevernet. Dei rettleidde oss heile vegen, fortel Marie.
Det er grunn til å tru barnevernet hadde fått meldingar om denne familien frå fleire instansar.

– I ei slik sak, der fleire instansar er involvert, burde det vere lagt opp til eit tverrfagleg samarbeid. I staden er kvar av instansane bundne av teieplikta si.
Marie tenkjer på at toåringen kunne ha sloppe å gjennomgå noko av mishandlinga han vart utsett for, dersom det i saker som denne hadde vore rutine med samarbeid på tvers av instansane. Bitane i puslespelet ville ha falle fortare på plass då, trur ho.
– Men det er ikkje slik som mange trur, at barnevernet berre kjem og hentar barn frå foreldra. Det skal tungtvegande grunnar til, for å ta omsorga for eit barn frå foreldre. Barnevernet har eit svært vanskeleg arbeid i ein slik prosess, seier Marie.
Brot på hjerneskallen
Det var barnehageleiaren sjølv, i samråd med dei føresette, som tok guten med til lege første gongen. Ho kjende at ho måtte det. Etter konsultasjonen blir barnet lagt inn på sjukehus.

I ettertid viser det seg at toåringen har brot på hjerneskallen. Stefaren har forklart skadane med eit uhell med ein garasjeport som slo igjen. Sunnmøre tingrett seier det er sannsynleg at brotet er påført guten med forsett, men dei finn ikkje å kunne bevise det, og stefaren blir dermed ikkje dømd for dette.
– Vi barnehagetilsette veit for lite om klassiske teikn på mishandling, og om åtferd hos overgripar. Det er vondt å tenkje på no.
Ros til barnehagen

Etter å ha vitna, sat Marie Brandal på tilhøyrarbenken – som den einaste – under resten av rettssaka mot stefaren. Ho ville lære kva for observasjonar som er viktige i slike saker. Først der i rettssalen gjekk det opp for henne kva den vesle guten hadde vorte utsett for.
Politiadvokaten kalla notata barnehagen hadde gjort seg, for uvurderlege bevis i saka. Barnehagen har også fått mykje ros for å ha vore med på å gjere valdssaka kjend.
– Men vi vil ikkje ha skryt for å ha gjort det som alle burde gjere. Barnehagen har opplysingsplikt, og vi gjorde berre jobben vår. Folk elles bør vite at ein ikkje treng å bevise noko for å sende ei uromelding. Når ein kjenner på at noko ikkje er som det skal, bør ein tenkje på om ein kan leve med å ikkje seie ifrå, seier Marie.
Gut med problem
Stefaren vart dømd til to år og to månader fengsel, til å betale 50.000 kroner i oppreising til guten, og 5000 kroner i sakskostnader.
Av dommen frå Sunnmøre tingrett kjem det fram at guten no er hos sin biologiske far, ein annan stad i landet. I retten forklarer faren at guten er sterkt prega av det han var utsett for, sjølv lang tid etter at mishandlinga tok slutt. Guten har fått ein tilknytingsskade, han er tryggleikssøkjande og har fått forseinka språkutvikling. Eit notat frå barnehagen der guten går no, skildrar eit lite barn med store problem.

I Aktiv barnehage i Ulsteinvik, har dei framleis eit bilete av den vesle guten. Marie fortel med tårer i auga.
– Vi tenkjer mykje på han. Han skal aldri verte gløymd. Og skulle eg få ein liknande mistanke igjen, så vil eg ikkje nøle

7 kommentarer:

Prinsesse Elin sa...

Jeg må kopiere denne her. Jeg jobber selv i barnehage og dette var sterk lesning.

Klem fra Elin:)

Turid sa...

Dette var sterkt! Men du verden så viktig at sånne historier blir spredt og at vi alle tar tak i det dersom vi skulle ane uråd. Disse barna er totalt avhengige av oss, ansvarsfulle voksne, som kan hjelpe dem ut av deres forferdelige situasjon. Dette kan det ikke snakkes nok om. Takk for at du delte historien! Klem, Turid

Unknown sa...

Jeg får helt vondt inni meg når jeg leser sånt.
Men det er viktig å være obs på det, takk for at du delte!

FlorasFrue sa...

Tårene triller - så forferdelig.
2 år og 2mnd virker veldig lite.. Håper den lille gutten har god hjelp der han er nå!
K

Violetta sa...

Herregud, dette er grusom lesing, og enda verre å tenke på at det virkelig har skjedd, og fortsatt skjer. Hva får voksne folk til å bli så kalde at de klarer å behandle et barn på denne måten? Tenker på mine egne gutter og kjenner at jeg bare vil grine. Vi har sannelig et stort ansvar alle og enhver!

Vi trenger slike påminnelser, så takk!

HEGEMOR.COM sa...

Får frysninger over hele meg...skrekkelig grusomt!!
Men tragisk nok er det viktig å opplyse folk om dette..:/
Ha en god helg!
Klem

charm design sa...

Det er helt forferdelig at noe sånt skjer et lite vakkert uskyldig barn,kjenner jeg blir skikkelig sint inni meg.....
SÅ flott at du ble fornøyd,det ble jeg glad for.
Riktig god helg Anita

Velkommen til min interiør blogg, håper du titter innom igjen og hadde vært hyggelig om du la igjen en kommentar når du var innom eller sender meg en mail på anita.glosli@hadeland-energi.net

hadde vært hyggelig å høre i fra deg.

Ha en forsatt fin dag

Anita